Vitusapotek Florø ligger sentralt plassert i 1. etasje ved inngangen øst i SMS-bygget.
Hovudoppgåva vår er å ekspedere kundar som kjem inn i apoteket.
I tillegg har vi ei rekkje andre kundar som vi leverer varer og tenester til:
- Medisinutsal i Eikefjord, Svelgen, Bremanger og Kalvåg
- Vi sender reseptmedisin til kundar i nabokommunen Bremanger som ikkje har apotek
- Vi har medisinleveranse til institusjonar i Flora kommune og Bremanger kommue
- Vi leverer medisin til kundar som har hjelp av heimetenesta i Flora og Bremanger kommune
- Skipsmedisin – alle skip i Norge er pålagt å ha eit minimum av medisin om bord. Dette må sjekkast og skiftast ut med jamne mellomrom. Vi tilbyr denne tenesta til ei rekkje fartøy langs Norskekysten
- Offshore – vi leverer tenester og medisin til offshore installasjonar
- Kontroll av reseptar på medisinfòr til oppdrettsnæring
Vi er 10 tilsette, av desse er 4 farmasøytar og 6 apotekteknikarar.
Apoteket vart etablert i 1889. Det var eigd og drive av privatpersonar fram til det i 2004 vart kjøpt opp av Norsk Medisinaldepot AS. Då vart apoteket ein del av apotekkjeda Vitusapotek.
Her finn du oss
Vitusapotek har butikk i 1.etasje
Inngang øst
Vitusapotek Florø
Adresse: Hans Blomgt 39, 6900 Florø
Telefonnr.: 577 58 105
Fax: 577 58 106
Epost: floro@vitusapotek.no
Opningstider:
mandag-fredag 08:30-16:30
lørdag 09:00-14:00
På helligdager vil opningstider avvike
Nettside: http://www.vitusapotek.no/