Barne- og ungdomspsykiatrisk behandling

Førde BUP er ein del av Psykisk helsevern for barn og unge under Klinikk for psykisk helsevern i Helse Førde. BUP gir helsehjelp ved utgreiing og behandling til barn og unge opptil 18 år som har vesentleg funksjonsfall eller symptom relatert til psykiske plager. I BUP jobbar det psykologar, legar, sosionomar og pedagogar. Vi har god kompetanse på dei aller fleste områda innan vårt fagfelt, og samarbeider med ungdomspost og andre sjukehusavdelingar i Helse Førde og Haukeland universitetssjukehus ved lågfrekvente tilstandar.

For å kome til behandling hos oss treng ein tilvising frå barnevernleiar, lege eller psykolog. Du får svar om time i første brev, og ventetid er maksimalt tre månader. Vi har også hastehjelpsordning der lege kan rådføre seg og ein kan få rask hjelp ved høg hastegrad.

Førde BUP disponerer nokre kontor og terapirom på SMS senteret, og har nokre terapeutar har utekontordagar der vekentleg.

Les meir på Helse Førde si nettside

Her finn du oss

Barne- og ungdomspsykiatrisk behandling har kontor i 3.etasje
Inngang nord

Barne- og ungdomspsykiatrisk behandling

Adresse: Hans Blomgt 39, 6900 Florø
Telefonnr.: 57 83 92 07
Opningstider: Kontora er ikkje betjent på fulltid, kontakt oss på telefon.
Nettside: https://helse-forde.no/steder/floro-sms-senteret