Sunnfjord Hørsel og Språk

Sunnfjord Hørsel og Språl blei oppretta i 2015 og har kontor i Florø og Førde.

Eg, som audiopedagog, tilbyr tenester til dei som har nedsett høyrsel, som har utfordringar knytt til høyrsel og kommunikasjon eller som har andre utfordringar knytt til lyd og høyrsel. Ein høyrselsdiagnose sett av Øyre-Nase-Hals – lege (ØNH-lege) er naudsynt.

Som privat audiopedagog har eg avtale med HELFO og får alle honorar frå dei. Du betaler ingen eigenandel. Behandlinga er altså GRATIS for deg som blir tilvist.

Lege (fastlege eller ØNH-lege) må tilvise til audiopedagog.

Alle som har utfordringar knytt til høyrsel og høyrselstap kan bli tilvist audiopedagog og har rett til behandling. Det kan f.eks. være deg som har behov for å snakke om høyrselstapet og få meir kunnskap om dette, deg som strever med å bruke høyreapparat, deg som har behov for anna høyrselsteknisk utstyr eller strever med å bruke dette eller deg som har utfordringar i ulike kommunikasjonssituasjonar og ønsker å lære strategiar for å takle desse betre.

Retten til å få tenester frå audiopedagog er heimla i Folketrygdlova § 5-10. Forskrift og rundskriv til denne paragrafen utdjupar at ”svikt i hørselsfunksjon som har medført språk– og kommunikasjonsvansker, kan medføre behov for audiopedagogisk behandling”.

Tinnitus (øyresus) aleine gir ikkje rett til gratis behandling (audiopedagog får ingen refusjon frå HELFO). Anna høyrselsdiagnose må vere tilvisingsdiagnose (hovuddiagnose).

Behandling hos privatpraktiserande audiopedagog kan bl.a. vere:

  • Informasjon — f.eks. om høyrsel, om høyrselstap og om konsekvensar etter høyrselstap
  • Samtale og rettleiing — hjelp til å forstå og takle nedsett høyrsel og ulike utfordringar knytt til dette
  • Rettleiing ved ømfintlegheit for lydar (sjå vedlegg under)
  • Opplæring og trening — f.eks. hjelp til å bruke tildelt utstyr (høyreapparat og høyrselsteknisk utstyr)
  • Oppfølging og motivering — f.eks. i tilvenningstida ved nye høyreapparat og i forhold til deltaking i sosiale samanhengar
  • Opplæring i høyretaktikk — strategiar for betre kommunikasjon i ulike situasjonar og i ulike lyttemiljø
  • Lyttetrening — f.eks. ved tilvenning til høyreapparat, beinforankra høyreapparat (BAHA) eller cochleaimplantat (CI)
  • Opplæring i kommunikasjonsstrategiar (og munnavlesing)
  • Språk- / taletrening — primært dei med nedsett høyrsel eller dei som har fått CI eller BAHA. Kan vere barn med øyreproblematikk og uttalevanskar. Kan og vere dei med anna morsmål, nedsett høyrsel og som strevar med å lære norsk.
  • Opplæring i engelsk lydskrift for skuleelevar med nedsett høyrsel og som strevar med engelsk munnleg
  • Rettleiing for deltaking i arbeidslivet

Brosjyre Sunnfjord hørsel og språk (PDF)

Meir informasjon og nyheiter på egen side på Facebook – søkeord «Sunnfjord hørsel og språk» eller https://www.facebook.com/SunnfjordHorselogSprak/

Kan også ta konsultasjonar på telefon eller Skype dersom det er langt å reise.

Her finn du oss

Sunnfjord hørsel og språk har kontor i 3.etasje
Inngang nord

Sunnfjord hørsel og språk

Postadresse:
Karen Marie Elvik Svoen
Solheimlia 2
6908 Florø

Telefonnr.: 975 78 715
Epost: km.audioped@gmail.com

Besøksadresser – må avtale time:
Kontor i Florø
Adresse: SMS-senteret (3.etg.),
Hans Blomgate 39,6905 Florø

Kontor i Førde
Adresse: Førdetunet c/o ØNH-lege Helge Hagen (3.etg.),
Hafstadvegen 25, 6800 Førde